Velkommen til Nes Gard si heimeside.

På desse sidene kan du bli kjent med oss og då mest kva vi driv med.

Garden vår ligg i flotte Haukedalen  4 mil frå kommunesenteret Førde. Bygda vår kan du lese meir om på www.haukedalen.net 

Garden har vore dreven av familien sidan midten av 1500 tallet . I 1660 åra vart garden ein del av Svanøgodset, då dette kom på auksjon i 1726, vart oppsitjarane  sjølveigarar.

Vi er ein familie på fire som driv Nes Gard i Haukedalen som ligg heilt  aust i Førde kommune.

På garden driv vi hovudsakleg med mjølk og kjøtproduksjon. Har 135’ tonn i kvote. Leverer ”Gourmetkalv” til Gilde Vest.

Vi driv og med sal av ved, både furu og bjørk, om hausten driv vi nærigsfiske og tek opp ein del kilo aure for sal.

Det blir og litt snøbrøyting om vinteren.

Har og 100 % eigardel i Neselva Kraftverk AS.

Dyra som vi har på garden er storfe, høns, hund, katt, og utegris. Bla videre på sida så kan du lese meir og sjå bilde.